Me sviktar dei som treng det mest

Eg las akkurat denne sterke og vonde saka, om 12 år gamle «Stine» som blei spytta på av læraren. Eg kjenner det vrenger seg i magen. Eg blir så sint, og eg blir så lei meg, for eg kjenner det igjen.

I mine 13 år i skulen har eg sett så mykje som gjev meg vondt i magen. Så mange av dei som treng det mest, og allikevel får minst. Årsakene er mange og komplekse, og eg trur det er viktig at me er opne om dei.

Ressursar

Nokre gonger har ein økonomien som skal til, men finn ikkje folk, og andre gonger er det motsatt. Elevar med spesielle behov utløyser ikkje (som hovudregel) meir ressursar til skulen, så skuleleiarane må bruke dei folka og dei pengane dei har på ein så klok måte som mogleg.  Ofte kjennes det heilt umogleg, og ofte blir midlertidige tilsettingar løysinga. Eleven taper.

Rett folk på rett plass

Det er ikkje kven som helst av vaksne som kan jobbe med kven som helst av elevar. Kjemien må stemme, og den vaksne må ønskje seg den typen arbeid som eleven krev. Det er stor forskjell på eit multihandikappa barn, og eit barn med atferdsvanskar. Dei krev vidt forskjellig kompetanse. Skulane skulle hatt både vernepleiarar, barnevernspedagogar, spesialpedagogar, sosialpedagogar og helsearbeidarar. Minst. Dei som treng det mest, treng eit lag rundt seg, og dei treng stabile vaksne. Og der finnast vaksne som har eit sånt syn på barn at dei ikkje har noko i skulen å gjere. Men dei er der likevel.

Byråkrati, regelverk og fandens oldemor

Tilsette i kommunen som må flyttast på. Fagforeiningar som ikkje vil sleppe inn andre yrkesgrupper. Skikkethetsnemnda i utdanninga. Økonomiske rammer. Mykje kan svikte. Elevar som har rett på spesialundervisning får dei lærarane som har timar til overs når timeplanen leggast. Lærarar med spesialpedagogikk ønskjer å vere kontaktlærarar, og lærarar som ønskjer etterutdanning i spesialpedagogikk får ikkje, for alle 24-åringane tar opp plassane. Eg stangar hovudet i veggen.

Og me vil ikkje ha det ut. Ansvaret pressast opp og ned. Skuld blir fordelt og eleven som trong det aller mest, tapte.

Eg vil ikkje ha det sånn lenger, men neimen om eg veit kva me kan gjere…

Når skulen gjer noko

Tidleg i haust fekk min kollega ein e-post av nokre foreldre. Dei hadde lese rapporten etter Jøsendalutvalget, og meinte at yngste guten deira nok var eit barn med stort læringspotensiale. Kva kunne skulen gjere?

Guten lærte å lesa då han var 5 år gamal. I andre klasse høyrte han alle bøkene om Harry Potter på lydbok, og i tredje klasse las han dei sjølv. Då dei andre lærte bokstavlydar og skrivemåte i første klasse, såg han på det som ein finpuss av det han allereie kunne. No – i fjerde klasse, les han bokseriar av Rick Riordan. Kva kunne skulen gjere?

Eg var så heldig å få vere med då han underviste 6. klasse om norrøn mytologi. Med innleving og engasjement formidla han forteljingar frå sogene, og svarte på spørsmål frå imponerte 6.klassingar. Eg sat med tårer i augo og tenkte at her gjer skulen noko!

Min kollega fortel meg at dei avtalte på foreldremøte i september, at dei skulle ha ein plan klar til utviklingssamtalen i oktober. Den fekk fire punkt; Guten skulle få jobbe i djupa med oppgåver som er meir forsknings- og problemløysingsbaserte, han skulle undervise i emne han har mykje kunnskap om i eigen klasse og på andre trinn, han skulle få følgje interessante opplegg på høgare trinn og han skulle jobbe med gamle rekneprøvar for 5.trinn. Hovudmålet var at han skulle haldas motivert, og fortsatt ha eit ønskje om å læra meir.

Eleven er sjølv svært nøgd med planen, og alt han no får halde på med. Han synast han får passe store utfordringar. I tillegg til å ha foredrag for 6. klasse om norrøn mytologi, har han lært sin eigen klasse om galaksa vår, og no nyleg har han undervist 5. klasse om gresk mytologi. Seinare i vår skal han vere med 9. klasse og lære om diktanalyse. Han gjorde ferdig rekneprøvane for 5. klasse i løpet av to dagar, og er nok klar for nye utfordringar i matematikk.

I dei aller fleste timane følgjer eleven klassen under fellesundervisning, men jobbar gjerne med eigne oppgåver når dei andre har individuell jobbing. I matematikk har han ein makker som og jobbar med eit høgare nivå, og oppgåva deira er å diskutere saman og finne ut av ting sjølv.

Når eg spør kva han er interessert i, svarar han umiddelbart: Fortida! Han likar å lesa om krigar og revolusjonar, og eg ser tydeleg at dette er ein gut som ønskjer å forstå verda rundt han. Eg er så glad for at min litle skule kan hjelpa han med det! Eg håpar og at me hjelper han til den framtida han ser for seg; Studier og kanskje ein stilling der han kan få undervisa på Oxford. Eg har trua, så lengje skulen fortsett å gjere noko!

Klikk, løgn og julemirakler.

Rett før jul skjedde ikkje mindre enn eit julemirakel i redaksjonen til Stavanger Aftenblad. Dei fekk i fanget ei sak så klikktastisk, at dei nesten kunne nytte krigstypar om den oversekulariserte julefeiringa. Saken blåste opp og spreidde seg. Aftenbladets Leif Tore Lindø skreiv i ein tweet at «You can’t make this shit up». Vel. Jo.

Eg meiner å hugse at eg og var ein av dei som delte saka – forhåpentligvis med ein kommentar om at dette ikkje kunne stemme. Eg tenkte òg at nynninga av «Deilig er jorden» var eit estetisk grep, ikkje sensur. Her har Aftenbladet misforstått med viten og vilje.

For sjølv om eg ikkje har stor kjennskap til Nylund skule, kjenner eg godt skulen sitt «indre liv». Omtrent ei veke før Nylund liksom sensurerte julesangar, lo eg og ein kollega så me grein av denne. Du kan trygt seie at det var vanskelig å halde seg alvorleg når ungane på skulen song «Eit barn er født i Betlehem.» Om liksomsensuren på Nylund blei gjort over ein kopp kaffi og ein god latter, eller om det var eit alvorleg forsøk på å forsøke å sekularisere jula, vites ikkje. Det var ihvertfall ikkje eit dokument som skulle ut blant folk.

Når det allikevel skjedde, så er det òg ein konsekvens av det som skjer i ein skule sitt indre liv. Ein sjuk lærar kom tilbake til jobb rett før jul. Eg trur ingen i heile verda kan forstå akkurat kor travelt det er. (Kanskje ein journalist som vil rekke deadline, og ikkje sjekker kjeldene sine grundig nok?) At feil dokument hamna på den aktuelle læraren sin vekeplan er sånn som skjer. Mest sannsynleg las han/ho berre overskrifta. Sjølvsagt byrja elevane i denne klassen å øve, og foreldra byrja å stusse på kva som gjekk føre seg.

Denne ikkje-saka har fått god og grundig kritikk allereie. Både Doremus Schaefer og skulesjef i Stavanger Jørn Pedersen har kommentert og forsøkt å rette opp. Det er først når redaktør Lars Helle melder sitt tilsvar til Pedersen, eg blir skikkeleg provosert. Han seier mellom anna at det ikkje peikes på faktafeil i den opprinnelige saka. Ingressen her er:

«Uenighet om hvordan høstsemesteret skal avsluttes ved Nylund skole i Stavanger, har ført til at ord som «nissunger», «julenissen» og «julen» er tatt bort fra kjente julesanger. Og julesangen «Deilig er jorden» får ikke elevene synge. Den skal bare nynnes»

Her er det i følge skulen, faktafeil frå første komma. Men Helle meiner at dei visste kva intensjonane til skulen var og at «I ettertid har flere hatt behov for å skifte mening, endre oppfatning av saksgangen og nyansere standpunkter.» Her vel altså Helle å mistenkeleggjere og umyndiggjere dei frå skulen som seier at saka er misforstått, heller enn å sjølv ta ansvar for slett journalistikk. Det ville vore, som han sjølv seier «både lovlig og en veldig ærlig sak». Saken skulle vore dementert så snart rektor ved skulen sa ifrå om at Aftenbladet hadde misforstått. Dei burde òg ha skjønt at denne saka var for sensasjonell til å vere sann. Slike julemirakler skjer ikkje.

For meg framstår Helle som sutrete og avkledd. Det gjer at Aftenbladet blir ei avis utan journalistisk integritet. Eg blir flau på deira vegner.

Måtar å undervise Ibsen, sjølv om han ikkje nemnes i læreplanen

Eg klarer ikkje heilt å bestemme meg for kvar eg står i kanondebatten. Der er eit slags (kunstig?) spenningsfelt mellom det å formidle vår felles kulturarv, og det å sjå den einskilde elev. Eg veit ikkje kvar eg skal setje pila mi der, og difor hald eg ho foreløpig i handa mens eg tenkjer på noko anna. Og i juleferien har eg tilfeldigvis tenkt ein del på Ibsen. Ibsen er jo forfattaren som tilsynelatande står på spel. Det er ihvertfall han som nemnes mest i debatten over at han ikkje nemnes i lærepanen. Men eg har altså tenkt på han, og til og med snakka med mine barn på 4 og 6, om han. Då tar det sjeldan lang tid før ideane kjem. Korleis kan me undervise Ibsen, både for liten og stor?

Ibsen i Barnehagen

I rammeplanen for barnehagen heiter det – under overskrifta «Kunst, kultur og kreativitet»

  • (Barna) utvikler sin følsomhet til å lytte, iaktta og uttrykke seg gjennom allsidige møter med og refleksjon over kultur, kunst og estetikk
  • (Personalet) sørge for at barn opplever lokale, nasjonale og internasjonale kunst- og kulturuttrykk og at de får møte kunstnere

Her ville eg benytta Griegs musikk til Peer Gynt som ein inngangsport til Ibsen. Alle barn (og eg) elskar å danse og trampe til «Dovregubbens» hall, og latevakne, med strekk og gjesp, til «Morgenstemning». Barna kan danse, teikne og leike til musikken og saman fabulere om kva som skjer i skodespelet når musikken kjem. Barnehagelærarane kan gjenfortelje delar av stykket til musikken, og dei kan fortelje om den verdsberømte Henrik Ibsen som har skrive dramaet.

Ibsen i småskulen

  • leke, improvisere og eksperimentere med rim, rytme, språklyder, stavelser, meningsbærende elementer og ord
  • samtale om personer og handling i eventyr og fortellinger

Det er ikkje Ibsen, men han nemnes. Eg ville har brukt regla «Runde, rare Rulle Rusk» av André Bjerke. Mens ein leiker med rim, kan ein snakke om kven Ibsen var, og kvifor Bjerke val han i regla. Kanskje kan regla vere modeltekst der eleavne jobber med andre store forfattarar og bokstavrim?

Ibsen på mellomsteget

  • presentere egne tolkinger av personer, handling og tema i et variert utvalg av barne- og ungdomslitteratur på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk
  • beskrive utviklinga i levekåra for kvinner og menn og framveksten av likestilling i Noreg

Ein forenkla gjenfortelling av «Et dukkehjem» kan brukes for å jobbe med disse måla i norsk og samfunnsfag. Elevane kan lage og vise korleis dei trur Nora ville ha vore i dag. At Nora blei, i fleire land der stykket blei framført, bør diskuterast. Finnast det land i verda som ville ha endra det no?

Ibsen på ungdomssteget

  • drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid, og reflektere over korleis dagens samfunn opnar for nye omveltingar
  • presentere tema og uttrykksmåter i et utvalg sentrale samtidstekster og noen klassiske tekster i norsk litteratur

Les «En folkefiende» og diskuter paralleller til dagens samfunn. Her kan ein trekkje inn klimaendringar, konspirasjonsteoriar, Trump og det postfaktuelle samfunn.

Ibsen på vidaregåande

  • analysere, tolke og sammenligne et utvalg sentrale norske og noen internasjonale tekster fra ulike litterære tradisjoner fra romantikken til i dag, og sette dem inn i en kulturhistorisk sammenheng
  • lese og analysere tekster på bokmål og nynorsk i ulike sjangere og ta stilling til spørsmål tekstene tar opp, og verdier de representerer

Les «Gengangere». Korleis ville dette dramaet ha utspelt seg i dag? Kan det setjast opp som eit slags multimodalt verk der ein nytter sosiale medier, video og tekst (a la SKAM)?

Nyspråk og vrøvl, eller profesjonsspråk?

Litteraturviter Knut Hoem har den siste veka satt i gang debatten som mange skulefolk har venta på. Den burde me kanskje hatt for 10 år sidan, då læreplanen var ny? Den handler om innhold i læreplanane, og i læreverka. Ein av dei sentrale endringane i LK06, var at me lærere skulle vere fri til å sjølv tilpasse innholdet i undervisninga, slik at våre elevar kunne tileigne seg kompetanse i tråd med måla. Kva har skjedd? Har me ikkje takla fridomen? Ville me ikkje eigentleg ha han? Eller er det noko anna?

Etter innføringa av læreplanen har det blitt bygd opp kompetansesentre for lesing og skriving. Forskning er gjort, språk er skapt. Fleire tusen lærarar har fått etter- og vidareutdanning. Læringsstrategiar, førlesing, VØL-skjema og læringsmål er ord med innhald for dei fleste lærarar. Kanskje ein må vere lærar for å forstå lærarane sitt språk, slik ein må vere lege for å forstå legane sitt språk? Kanskje me lærarar endeleg har eit profesjonsspråk?

Eg stussar altså litt på kvifor lærarar tilsynelatande har ynskja Hoem sin kritikk velkomen. Profesjonelle lærarar tar profesjonelle valg av innhold i sine fag, og dei let ikkje læreverk styre. Ein norsklærar eg kjenner seier han kunne klart å undervise Ibsen eit heilt år, og fortsatt holdt seg innanfor kompetansemåla. Eg synast Hoem bommer litt. Han er jo litteraturvitar. Ikkje rart han ikkje kan skulespråk.

Når det er sagt; nei til lærebok, nei til unødige nyord i undervisninga og nei til alt for mange mål. Men det må vere mitt profesjonelle val. 

(Og ja til ungar som les:)

Den snille nabokjerringa

Eg gjorde noko skikkeleg dumt ein gong da eg var liten. Meg og systera mi satt bak ein jordhaug da dei jamnaldra naboane våre kom ut. «Hiv stein på Kristina» sa eg. Systera mi lydde. Så sprang vi heim i full fart. Ho hadde truffe midt i pannen, og steinen var ikkje liten…

Ikkje lenge etter kom telefonen. Me kunne høyre at mamma var svært alvorleg, men ikkje noko om kva som blei sagt. Så kom ho inn til oss. «De må gå opp til Janne Helen og Kristina. De skal få kjeft.» Me visste at det kom, og vegen forbi dei to husa som skilde oss var alt for kort. Det var ungane som møtte oss i døra trur eg. Mora stod bak og smilte. Me fekk Kjeft (med colasmak) og boller. Eg kan ikkje eingong hugse om me snakka om såret i pannen til Kristina. Men eg hugser skamma mi. Eg kjenner ho ennå.

Mora til venninnene våre var ikkje ei kjerring i det heile tatt, ho var ung og tøff, men kanskje ikkje heilt slik som Jens Stoltenberg snakka om i si nyttårstale etter 22/7. Den type nabokjerringer blir no kalla «eliten» og «hylekoret». Det er både dei som svarar med samme låge mynt – og dei som følgjer Michelle Obama sitt råd om å «go high». Heilt opp til sin høge hest, der motstanden berre kan leggja seg ned og late seg trampa på. Trampa heilt ned i ei gjørmete offerrolle.

Mi oppfordring om å forsøke å vere snille nabokjerringer vil nok av den eine sida bli oppfatta som naiv, medan den andre sida vil sei at også eg er patroniserande (matroniserande?) og set meg sjølv høgare enn dei. Begge har sikkert litt rett i det.

Så kva er det den snille nabokjerringa gjer? Eg tenkjer at ho seier noko sånn som dette: «Eg er djupt ueinig med deg, og eg kjem mest sannsynlig ikkje til å endra standpunkt, men eg er genuint interessert i å høyre om kvifor du tenkjer som du gjer. Kan me diskutera det på ein sånn måte at me ender opp med å forstå kva den andre meiner, utan å ryke i tottane på kvarandre? Kanskje blir med klokare, kanskje ikkje – men me behandler kvarandre som likeverdige menneske»

Så kan ein bli einige om kven som tar med boller og saft. Kanskje det er det som skal til for å få tilbake litt bedre takt og tone i den offentlege debatten?

 

En relevant skole

Dette innlegget har jeg gått og tenkt på lenge. Stadig vekk kommer jeg på formuleringer jeg vil ha med, og stadig vekk virker det som om det blir større og mer omfattende. Det skal handle om hva som er relevant i  skolen, og det er egentlig så stort at det fort vekk kunne sett ut som en generell del i en læreplan. Men slike jobber overlater vi til Roar Ulvestad, eller hva?

Jeg – og mange andre, snakker om at det er viktig at elevene opplever skolen som relevant. Blant annet i diskusjonene rundt den omstridte fraværsgrensa, brukes dette nesten som et argument for å si at skolen har seg selv å takke for at elevene ikke møter opp. Det er egentlig en ganske drøy påstand, men kan det kanskje være noe i det?

Jeg mener at det store paradokset i norsk (og vestlig generelt) skole, er at elevene trives, men ikke er motivert for å lære. Vi har klart å skape en skole som er god å være i, og vi danner mennesker som har tillit til det offentlige, god demokratiforståelse og som opplever seg som anerkjente i samfunnet. Det skal vi være svært stolte av. Men vi skal også huske at det faglige på skolen, kjeder elevene.

I programmet Koht og Kidsa, snakket Christine Koht med ei jente på videregående om karakterer og skole. Jenta fortalte at hun hadde fått sekser på den forrige prøven, og Koht skrøt at hun var smart. Jenta var uenig. Hun var ikke smart, men skoleflink. Flink til skole. Flink til å øve? Flink til å forstå skolespråket? Flink til å spørre læreren om hjelp? Knekt skolekoden? Men ikke smart, altså. Jeg skulle ønske Koht stilte et oppfølgingsspørsmål her; Hva betyr det å være smart? (Og så lurer jeg på; er det mer eller mindre relevant enn å være skoleflink?)

I forbindelse med satsningen Ungdomstrinn i utvikling (UIU), fokuseres det på at undervisningen skal gjøres praktisk, relevant, utfordrende og variert. (PRUV) Jeg hørte en av veilederne i denne satsningen snakke om relevans i forhold til læreplanen. Vi måtte altså passe på at det vi holdt på med i timene, var relevant i forhold til målene som stod i læreplanen. Husker jeg fikk en sånn blanding av kaffe-i-vrangstrupen og Heureka! Her ligger hunden begravd, tenkte jeg! Skolefolk har laget en skole for seg selv, og sin virkelighetsoppfatning, heller enn å lage en skole for elevene og samfunnet! Intensjonen med UiU og PRUV er jo selvsagt at undervisningen skal være relevant i forhold til elevenes interesser og ståsted. Relevans i forhold til læreplanen er forskriftsfestet og selvsagt, og trenger hverken ungdomstrinn eller andre trinn i utvikling.

Så; Når skolefolk driver skole for egen del (Ja, da – jeg vet den er alt for spissformulert, generaliserende og slem), og elevene kan vinne skolen ved å nå max level Skoleflink, så er det kanskje noe i det da? Skolen har spilt seg ut på sidelinja? Blitt en øy i samfunnet? Det er egentlig de smarteste ungene som ikke møter opp, for de har gjennomskuet det?

Skolen er allerede relevant for politikere, forlagene, fagseksjonene, interesseorganisasjonene, lærerne, foreldregenerasjonen og de fleste andre enn de som trenger den relevante skolen. Elevene. Det aller beste hadde nok vært å spørre dem, men jeg skal prøve så godt jeg kan å ta elevperspektivet, og komme med noen tips og triks for å gjøre skolen til et godt sted å være, og et godt sted å lære:

  1. Driv tilpasset opplæring! Jeg tror dette er det aller viktigste for å skape relevans. Tenk Vygotsky. Finn hver elev sine styrker, og la dem starte akkurat der!
  2. Elevene må forberedes på voksenliv, med alt fra undervisning i privatøkonomi, personvern, helse, seksualitet, offentlige tjenester, til etiske dilemma og politiske problemstillinger. Altså en sterkere vektlegging på orienteringsfagene samfunnsfag, naturfag og RLE.
  3. Bruk interesser her og nå for å skape bindeledd mellom det som skal komme og det som er nå. Ikke degrader ungdomstiden til en ventetid, men bruk tid på å lytte og være en trygg voksen. Ta ungdomskulturen på alvor. De bruker timesvis med dataspill, youtube og sosiale medier. Det har verdi – også i skolen! (Mens elevene spiller bruker de flere av de kompetansene som nevnes i punkt 7…)
  4. Beskriv formål – skap sammenhenger og kontekst Hvis man ikke klarer å si noe om hva som er formålet med det man underviser, så bør det kanskje droppes? Sett læringen inn i noe større, ved å starte med en liten anekdote, noe elevene kjenner eller motiveres av.
  5. Fokuser på læring, ikke prestasjon. Ikke gi karakterer og poeng. Ikke ranger elevene. Ros fremgang, legg opp til mestring. Gjør mange, mange feil, og lær av dem.
  6. Ikke driv skolen for skolens skyld, ikke la skolen bli for skolsk, men imiter lokalsamfunnet. La elevene gjøre meningsfulle arbeidsoppgaver på skolen. Gi dem ansvar, og gjør opplegg på tvers av trinn (Utover fadderopplegg) Husk at læring ikke er begrenset til skolefaglig læring, selv om elevene ofte tror det…
  7. Fagovergripende kompetanser er noe av det jeg liker best med Ludvigsenutvalgets rapport, og det som kanskje har vært det største savnet i skolen; fokus på disse:
    1. Metakognisjon og å lære å lære
    2. Kreativitet og innovasjon
    3. Problemløsning, samarbeid og kommunikasjon
    4. Medborgerskap og sosialt ansvar

Jeg tror ikke egentlig at skolen kan gjøres så mye mer relevant av at enkeltlærere går inn og følger noen tips og triks. Dette må nok endres på et høyere nivå. Et paradisgmeskifte i skolen er det jeg går og venter på. Og mens vi venter så kan vi jo fortsette den viktige diskusjonen:

 

Er Ibsen relevant?

(Og for den saks skyld; er Pokemon Go relevant?)

Tja. Noen ganger, for noen, dersom han brukes på den riktige måten. Og sånn er det vel med det meste. Relevans er noe, blant få ord, som faktisk må stå i forhold til noe(n). Det gjør ikke skolen til elevene våre akkurat nå.

PS: Hvis noen elever har lyst til å komme med flere tips og triks, så kan det godt tenkes at lista mi utvides!