Å skape ein skule for alle

Fredag 8/2 stod dette diktet på trykk i avisa Jærbladet. Teksten under skreiv eg som eit slags svar, og det stod på trykk i same avis onsdag 13/2.

Det var med klump i magen og eit blødande lærarhjarte eg las diktet «Er skulen for alle?» i Jærbladet fredag. Eg og ein kollega undra oss på om det kunne vere ein av våre elevar den frustrerte bestemora skreiv om. Det triste er at det veit me ikkje heilt sikkert. Det kan vere – det kunne vore, for eg trur alle som jobbar i skulen kjenner desse elevane. Dei som hatar skulen.

I opplæringslova heiter det at me skal fremje helse, trivsel og læring. Sett på spissen betyr det at kvar dag på skulen skal gjere deg litt friskare, litt gladare og litt meir kunnskapsfull – og det skal vertfall ikkje gå motsett veg. Dersom skulen skal vere for alle, skal dette gjelde alle elevar, og det veit me at det ikkje gjer. Dei store og vedvarande utfordringane i skulen handlar om at me ikkje klarer å skape innanforskap, å hindre fråfall og å inkludere, utdanne og danne alle.

Utdanningspolitikken tilbake til etterkrigstida har hatt som mål å jamna ut ulikskapar. Einskapsskulen var, og er kongstanken i dette – Alle skal ha dei same moglegheitene til å gjera frie val uavhengig av kva «tre» du kjem av. Kvifor er me då der at ulikskapane i samfunnet berre aukar? Kva er det som paradoksalt nok fører til at fleire elevar opplever å ikkje høyra til? Det finnast allereie mykje forsking som forsøker å gje svar, og dei siste åra har fleire utval utnemnd av regjeringa samla og presentert forsking som skal hjelpe oss å møte desse utfordringane.

Me har hatt utval som har sett på korleis me skal jobbe mot mobbing, inkludere dei med høgt læringspotensial, skape ein skule for framtida, legge betre til rette for dei med ulike lærevanskar og jamne ut forskjellar mellom skuleprestasjonane til gutar og jenter. Alle utvala gjev råd som vil forme skulepolitikken dei kommande åra, men det tek nok ei stund før råda er gjeldande praksis i skulen – og sjølv då veit ein ikkje om tiltaka vil gje ønska effekt. Det kan tenkjast at om ti og tjue år, så har me fortsett ungar som hatar skulen, for det som er så vanskeleg med skuleforsking, og skulepolitikk for den saks skuld, er at det er svært vanskeleg å vite kva som faktisk har effekt. Der finnast alt for mange faktorar som påverkar læringsmiljøet til den enkelte elev. Det betyr sjølvsagt ikkje at me skal bli passive, og gje opp. Eg meiner bestemt at me skal prøve noko nytt kvar einaste dag – for det største sviket er når me gjev opp.

Så kva kan ein gjere no? Korleis kan eg – som lærar eller skuleleiar, sørge for at fleire og fleire ungar kjem heim og seier «Eg har det bra». For meg seier Jens Bjørneboe det aller best, om å vere lærar: «Dette er lærerens egentlige fag: Å like elever. Å være glad i dem. Han skal være glad i pene barn og stygge barn, i flinke barn og dumme barn, i dovne barn og flittige barn, i snille barn og i slemme barn. Og er han ikke glad i barn, da må han lære det. For selvfølgelig kan det læres, det som alt annet. Hans gjerning er å omgås hele, levende barn, og ikke bare hoder. Derfor krever lærerkallet av ham at han også selv skal møte frem som helt og levende menneske, ikke bare som et noe større hode. Så enkelt, og så vanskelig, er det å være lærer”

Eg vil utvide dette til å gjelde dei føresette som kjem til oss med deira frustrasjonar – me må ha respekt for den tilliten me faktisk er gjevne. Dei overlét oss ansvaret for det kjæraste, og me må møte det ansvaret med audmjukheit. Dersom me – heilt på ekte, likar born og vaksne me treff som lærarar, og skuleleiarar, så vil det merkast! Og det vil til og med smitte! Dersom me, med heile vårt vesen, klarer å seie «Å, så glad eg er for å sjå deg!», så har elevane som hatar skulen ein mindre grunn for hatet sitt.

I tillegg, så ønskjer eg at fram til dei kloke utvalas råd er praksis, at eg kan få høyre råd frå dei som faktisk er nærast å kunne gje råd; Eg ønskjer å høyre frå dei borna og føresette som ikkje har kjent at skulen er for dei, og eg ønskjer å høyre kva dei meiner skal til for å skape ein inkluderande skule. Dei råda vil eg ta med meg i oppdraget mitt, som består i å skapa ein skule for alle – ein elev om gongen. Så lett, og så vanskeleg.

Fag-støvtørkinga

Nye utvalg har kommet med sine rapporter. Nye kronikker om unger som ikke makter skolen – eller unger som ikke skolen makter, har blitt skrevet, publisert og delt. Og her sitter jeg, i en blanding av håp og fortvilelse.

Håp, fordi at jeg merker store endringer i skolen på få år. Overalt hører jeg lærere, skoleledere og andre med interesse for skolen stille seg kritiske til eksamensordningen. I Oslo har man gått fra styring til storm til…tja –  ro?

For 4 år siden føltes det utenkelig at man snakket om karakterfri vurdering som en trend, men i dag tok jeg meg i å spørre gamle kolleger om de ikke hadde «sluttet med karakterer ennå».

Vi snakker mer om elevmedvirkning og -demokrati, om viktigheten av gode relasjoner, om inkludering, livsmestring og psykisk helse. Leksedebatten kommer stadig oftere, og det samme gjør mobildebatten og fraværsdebatten. Endringens vinder hyler rundt hushjørnet, og det føles som om ting er i ferd med å skje!

Men så viser det seg at lyden av vinden var fra et rør som stod der inntil husveggen. Vinden var for flau til å lage noe særlig lyd. Den var kun egnet til å blåse litt støv av den skolen vi alltid har hatt. Vi skal ha de samme fagene, den samme strukturen, de samme karakterene, og den samme styrende eksamenen helt til slutt. Og det er til å bli fortvilet av. Elevene våre trenger – og fortjener, noe nytt.