Me sviktar dei som treng det mest

Eg las akkurat denne sterke og vonde saka, om 12 år gamle «Stine» som blei spytta på av læraren. Eg kjenner det vrenger seg i magen. Eg blir så sint, og eg blir så lei meg, for eg kjenner det igjen.

I mine 13 år i skulen har eg sett så mykje som gjev meg vondt i magen. Så mange av dei som treng det mest, og likevel får minst. Årsakene er mange og komplekse, og eg trur det er viktig at me er opne om dei.

Ressursar

Nokre gonger har ein økonomien som skal til, men finn ikkje folk, og andre gonger er det motsett. Elevar med spesielle behov utløyser ikkje (som hovudregel) meir ressursar til skulen, så skuleleiarane må bruke dei folka og dei pengane dei har på ein så klok måte som mogleg.  Ofte kjennes det heilt umogleg, og ofte blir midlertidige tilsettingar løysinga. Eleven taper.

Rett folk på rett plass

Det er ikkje kven som helst av vaksne som kan jobbe med kven som helst av elevar. Kjemien må stemme, og den vaksne må ønskje seg den typen arbeid som eleven krev. Det er stor forskjell på eit multihandikappa barn, og eit barn med åtferdsvanskar. Dei krev vidt forskjellig kompetanse. Skulane skulle hatt både vernepleiarar, barnevernspedagogar, spesialpedagogar, sosialpedagogar og helsearbeidarar. Minst. Dei som treng det mest, treng eit lag rundt seg, og dei treng stabile vaksne. Og der finnast vaksne som har eit sånt syn på barn at dei ikkje har noko i skulen å gjere. Men dei er der likevel.

Byråkrati, regelverk og fandens oldemor

Tilsette i kommunen som må flyttast på. Fagforeiningar som ikkje vil sleppe inn andre yrkesgrupper. Skikkethetsnemnda i utdanninga. Økonomiske rammer. Mykje kan svikte. Elevar som har rett på spesialundervisning får dei lærarane som har timar til overs når timeplanen leggast. Lærarar med spesialpedagogikk ønskjer å vere kontaktlærarar, og lærarar som ønskjer etterutdanning i spesialpedagogikk får ikkje, for alle 24-åringane tar opp plassane. Eg stangar hovudet i veggen.

Og me vil ikkje ha det ut. Ansvaret pressast opp og ned. Skuld blir fordelt og eleven som trong det aller mest, tapte.

Eg vil ikkje ha det sånn lenger, men neimen om eg veit kva me kan gjere…

Når skulen gjer noko

Tidleg i haust fekk min kollega ein e-post av nokre foreldre. Dei hadde lese rapporten etter Jøsendalutvalget, og meinte at yngste guten deira nok var eit barn med stort læringspotensiale. Kva kunne skulen gjere?

Guten lærte å lesa då han var 5 år gamal. I andre klasse høyrte han alle bøkene om Harry Potter på lydbok, og i tredje klasse las han dei sjølv. Då dei andre lærte bokstavlydar og skrivemåte i første klasse, såg han på det som ein finpuss av det han allereie kunne. No – i fjerde klasse, les han bokseriar av Rick Riordan. Kva kunne skulen gjere?

Eg var så heldig å få vere med då han underviste 6. klasse om norrøn mytologi. Med innleving og engasjement formidla han forteljingar frå sogene, og svarte på spørsmål frå imponerte 6.klassingar. Eg sat med tårer i augo og tenkte at her gjer skulen noko!

Min kollega fortel meg at dei avtalte på foreldremøte i september, at dei skulle ha ein plan klar til utviklingssamtalen i oktober. Den fekk fire punkt; Guten skulle få jobbe i djupa med oppgåver som er meir forskings- og problemløysingsbaserte, han skulle undervise i emne han har mykje kunnskap om i eigen klasse og på andre trinn, han skulle få følgje interessante opplegg på høgare trinn og han skulle jobbe med gamle rekneprøvar for 5.trinn. Hovudmålet var at han skulle haldast motivert, og framleis ha eit ønskje om å læra meir.

Eleven er sjølv svært nøgd med planen, og alt han no får halde på med. Han synast han får passe store utfordringar. I tillegg til å ha foredrag for 6. klasse om norrøn mytologi, har han lært sin eigen klasse om galaksen vår, og no nyleg har han undervist 5. klasse om gresk mytologi. Seinare i vår skal han vere med 9. klasse og lære om diktanalyse. Han gjorde ferdig rekneprøvane for 5. klasse i løpet av to dagar, og er nok klar for nye utfordringar i matematikk.

I dei aller fleste timane følgjer eleven klassen under fellesundervisning, men jobbar gjerne med eigne oppgåver når dei andre har individuell jobbing. I matematikk har han ein makker som og jobbar med eit høgare nivå, og oppgåva deira er å diskutere saman og finne ut av ting sjølv.

Når eg spør kva han er interessert i, svarar han fort: Fortida! Han likar å lesa om krigar og revolusjonar, og eg ser tydeleg at dette er ein gut som ønskjer å forstå verda rundt han. Eg er så glad for at min litle skule kan hjelpa han med det! Eg håpar og at me hjelper han til den framtida han ser for seg; Studiar og kanskje ein stilling der han kan få undervisa på Oxford. Eg har trua, så lengje skulen fortsett å gjere noko!