Klikk, løgn og julemirakler.

Rett før jul skjedde ikkje mindre enn eit julemirakel i redaksjonen til Stavanger Aftenblad. Dei fekk i fanget ei sak så klikktastisk, at dei nesten kunne nytte krigstypar om den oversekulariserte julefeiringa. Saken blåste opp og spreidde seg. Aftenbladets Leif Tore Lindø skreiv i ein tweet at «You can’t make this shit up». Vel. Jo.

Eg meiner å hugse at eg og var ein av dei som delte saka – forhåpentlegvis med ein kommentar om at dette ikkje kunne stemme. Eg tenkte òg at nynninga av «Deilig er jorden» var eit estetisk grep, ikkje sensur. Her har Aftenbladet misforstått med veten og vilje.

For sjølv om eg ikkje har stor kjennskap til Nylund skule, kjenner eg godt skulen sitt «indre liv». Omtrent ei veke før Nylund liksom sensurerte julesongar, lo eg og ein kollega så me grein av denne. Du kan trygt seie at det var vanskeleg å halde seg alvorleg når ungane på skulen song «Eit barn er født i Betlehem.» Om liksomsensuren på Nylund blei gjort over ein kopp kaffi og ein god latter, eller om det var eit alvorleg forsøk på å forsøke å sekularisere jula, veit me ikkje noko om. Det var vertfall ikkje eit dokument som skulle ut blant folk.

Når det likevel skjedde, så er det òg ein konsekvens av det som skjer i ein skule sitt indre liv. Ein sjuk lærar kom tilbake til jobb rett før jul. Eg trur ingen i heile verda kan forstå akkurat kor travelt det er. (Kanskje ein journalist som vil rekke deadline, og ikkje sjekkar kjeldene sine grundig nok?) At feil dokument hamna på den aktuelle læraren sin vekeplan er sånn som skjer. Mest sannsynleg las han/ho berre overskrifta. Sjølvsagt byrja elevane i denne klassen å øve, og foreldra byrja å stusse på kva som gjekk føre seg.

Denne ikkje-saka har fått god og grundig kritikk allereie. Både Doremus Schaefer og skulesjef i Stavanger Jørn Pedersen har kommentert og forsøkt å rette opp. Det er først når redaktør Lars Helle melder sitt tilsvar til Pedersen, eg blir skikkeleg provosert. Han seier mellom anna at det ikkje peikast på faktafeil i den opphavlege saka. Ingressen her er:

«Uenighet om hvordan høstsemesteret skal avsluttes ved Nylund skole i Stavanger, har ført til at ord som «nissunger», «julenissen» og «julen» er tatt bort fra kjente julesanger. Og julesangen «Deilig er jorden» får ikke elevene synge. Den skal bare nynnes»

Her er det i følge skulen, faktafeil frå første komma. Men Helle meiner at dei visste kva intensjonane til skulen var og at «I ettertid har flere hatt behov for å skifte mening, endre oppfatning av saksgangen og nyansere standpunkter.» Her vel altså Helle å mistenkeleggjere og umyndiggjere dei frå skulen som seier at saka er misforstått, heller enn å sjølv ta ansvar for slett journalistikk. Det ville vore, som han sjølv seier «både lovlig og en veldig ærlig sak». Saken skulle vore dementert så snart rektor ved skulen sa ifrå om at Aftenbladet hadde misforstått. Dei burde òg ha skjønt at denne saka var for sensasjonell til å vere sann. Slike julemirakel skjer ikkje.

For meg står Helle fram som sutrete og avkledd. Det gjer at Aftenbladet blir ei avis utan journalistisk integritet. Eg blir flau på deira vegner.

Måtar å undervise Ibsen, sjølv om han ikkje nemnes i læreplanen

Eg klarer ikkje heilt å bestemme meg for kvar eg står i kanondebatten. Der er eit slags (kunstig?) spenningsfelt mellom det å formidle vår felles kulturarv, og det å sjå den einskilde elev. Eg veit ikkje kvar eg skal setje pila mi der, og difor hald eg ho foreløpig i handa mens eg tenkjer på noko anna. Og i juleferien har eg tilfeldigvis tenkt ein del på Ibsen. Ibsen er jo forfattaren som tilsynelatande står på spel. Det er vertfall han som nemnes mest i debatten over at han ikkje nemnes i læreplanen. Men eg har altså tenkt på han, og til og med snakka med mine barn på 4 og 6, om han. Då tar det sjeldan lang tid før ideane kjem. Korleis kan me undervise Ibsen, både for liten og stor?

Ibsen i Barnehagen

I rammeplanen for barnehagen heiter det – under overskrifta «Kunst, kultur og kreativitet»

  • (Barna) utvikler sin følsomhet til å lytte, iaktta og uttrykke seg gjennom allsidige møter med og refleksjon over kultur, kunst og estetikk
  • (Personalet) sørge for at barn opplever lokale, nasjonale og internasjonale kunst- og kulturuttrykk og at de får møte kunstnere

Her ville eg nytta Griegs musikk til Peer Gynt som ein inngangsport til Ibsen. Alle barn (og eg) elskar å danse og trampe til «Dovregubbens» hall, og late-vakne, med strekk og gjesp, til «Morgenstemning». Barna kan danse, teikne og leike til musikken og saman fabulere om kva som skjer i skodespelet når musikken kjem. Barnehagelærarane kan gjenfortelje delar av stykket til musikken, og dei kan fortelje om den verdsberømte Henrik Ibsen som har skrive dramaet.

Ibsen i småskulen

  • leke, improvisere og eksperimentere med rim, rytme, språklyder, stavelser, meningsbærende elementer og ord
  • samtale om personer og handling i eventyr og fortellinger

Det er ikkje Ibsen, men han nemnes. Eg ville har brukt regla «Runde, rare Rulle Rusk» av André Bjerke. Mens ein leiker med rim, kan ein snakke om kven Ibsen var, og kvifor Bjerke val han i regla. Kanskje kan regla vere modelltekst der elevane jobbar med andre store forfattarar og bokstavrim?

Ibsen på mellomsteget

  • presentere egne tolkinger av personer, handling og tema i et variert utvalg av barne- og ungdomslitteratur på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk
  • beskrive utviklinga i levekåra for kvinner og menn og framveksten av likestilling i Noreg

Ein forenkla gjenfortelling av «Et dukkehjem» kan brukas for å jobbe med disse måla i norsk og samfunnsfag. Elevane kan lage og vise korleis dei trur Nora ville ha vore i dag. At Nora blei, i fleire land der stykket blei framført, bør diskuterast. Finnast det land i verda som ville ha endra det no?

Ibsen på ungdomssteget

  • drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid, og reflektere over korleis dagens samfunn opnar for nye omveltingar
  • presentere tema og uttrykksmåtar i et utval sentrale samtidstekster og nokon klassiske tekster i norsk litteratur

Les «En folkefiende» og diskuter parallellar til dagens samfunn. Her kan ein trekkje inn klimaendringar, konspirasjonsteoriar, Trump og det postfaktuelle samfunn.

Ibsen på vidaregåande

  • analysere, tolke og sammenligne et utvalg sentrale norske og noen internasjonale tekster fra ulike litterære tradisjoner fra romantikken til i dag, og sette dem inn i en kulturhistorisk sammenheng
  • lese og analysere tekster på bokmål og nynorsk i ulike sjangere og ta stilling til spørsmål tekstene tar opp, og verdier de representerer

Les «Gengangere». Korleis ville dette dramaet ha utspelt seg i dag? Kan det setjast opp som eit slags multimodalt verk der ein nytter sosiale media, video og tekst (a la SKAM)?

Nyspråk og vrøvl, eller profesjonsspråk?

Litteraturvitar Knut Hoem har den siste veka satt i gang debatten som mange skulefolk har venta på. Den burde me kanskje hatt for 10 år sidan, då læreplanen var ny? Den handlar om innhald i læreplanane, og i læreverka. Ein av dei sentrale endringane i LK06, var at me lærarar skulle vere fri til å sjølv tilpasse innhaldet i undervisninga, slik at våre elevar kunne tileigne seg kompetanse i tråd med måla. Kva har skjedd? Har me ikkje takla fridomen? Ville me ikkje eigentleg ha han? Eller er det noko anna?

Etter innføringa av læreplanen har det blitt bygd opp kompetansesenter for lesing og skriving. Forsking er gjort, språk er skapt. Fleire tusen lærarar har fått etter- og vidareutdanning. Læringsstrategiar, førlesing, VØL-skjema og læringsmål er ord med innhald for dei fleste lærarar. Kanskje ein må vere lærar for å forstå lærarane sitt språk, slik ein må vere lege for å forstå legane sitt språk? Kanskje me lærarar endeleg har eit profesjonsspråk?

Eg stussar altså litt på kvifor lærarar tilsynelatande har ynskja Hoem sin kritikk velkomen. Profesjonelle lærarar tar profesjonelle val av innhald i sine fag, og dei let ikkje læreverk styre. Ein norsklærar eg kjenner seier han kunne klart å undervise Ibsen eit heilt år, og framleis halde seg innanfor kompetansemåla. Eg synast Hoem bommer litt. Han er jo litteraturvitar. Ikkje rart han ikkje kan skulespråk.

Når det er sagt; nei til lærebok, nei til unødige nyord i undervisninga og nei til alt for mange mål. Men det må vere mitt profesjonelle val. 

(Og ja til ungar som les:)