Rett før jul skjedde ikkje mindre enn eit julemirakel i redaksjonen til Stavanger Aftenblad. Dei fekk i fanget ei sak så klikktastisk, at dei nesten kunne nytte krigstypar om den oversekulariserte julefeiringa. Saken blåste opp og spreidde seg. Aftenbladets Leif Tore Lindø skreiv i ein tweet at «You can’t make this shit up». Vel. Jo.
Eg meiner å hugse at eg og var ein av dei som delte saka – forhåpentlegvis med ein kommentar om at dette ikkje kunne stemme. Eg tenkte òg at nynninga av «Deilig er jorden» var eit estetisk grep, ikkje sensur. Her har Aftenbladet misforstått med veten og vilje.
For sjølv om eg ikkje har stor kjennskap til Nylund skule, kjenner eg godt skulen sitt «indre liv». Omtrent ei veke før Nylund liksom sensurerte julesongar, lo eg og ein kollega så me grein av denne. Du kan trygt seie at det var vanskeleg å halde seg alvorleg når ungane på skulen song «Eit barn er født i Betlehem.» Om liksomsensuren på Nylund blei gjort over ein kopp kaffi og ein god latter, eller om det var eit alvorleg forsøk på å forsøke å sekularisere jula, veit me ikkje noko om. Det var vertfall ikkje eit dokument som skulle ut blant folk.
Når det likevel skjedde, så er det òg ein konsekvens av det som skjer i ein skule sitt indre liv. Ein sjuk lærar kom tilbake til jobb rett før jul. Eg trur ingen i heile verda kan forstå akkurat kor travelt det er. (Kanskje ein journalist som vil rekke deadline, og ikkje sjekkar kjeldene sine grundig nok?) At feil dokument hamna på den aktuelle læraren sin vekeplan er sånn som skjer. Mest sannsynleg las han/ho berre overskrifta. Sjølvsagt byrja elevane i denne klassen å øve, og foreldra byrja å stusse på kva som gjekk føre seg.
Denne ikkje-saka har fått god og grundig kritikk allereie. Både Doremus Schaefer og skulesjef i Stavanger Jørn Pedersen har kommentert og forsøkt å rette opp. Det er først når redaktør Lars Helle melder sitt tilsvar til Pedersen, eg blir skikkeleg provosert. Han seier mellom anna at det ikkje peikast på faktafeil i den opphavlege saka. Ingressen her er:
«Uenighet om hvordan høstsemesteret skal avsluttes ved Nylund skole i Stavanger, har ført til at ord som «nissunger», «julenissen» og «julen» er tatt bort fra kjente julesanger. Og julesangen «Deilig er jorden» får ikke elevene synge. Den skal bare nynnes»
Her er det i følge skulen, faktafeil frå første komma. Men Helle meiner at dei visste kva intensjonane til skulen var og at «I ettertid har flere hatt behov for å skifte mening, endre oppfatning av saksgangen og nyansere standpunkter.» Her vel altså Helle å mistenkeleggjere og umyndiggjere dei frå skulen som seier at saka er misforstått, heller enn å sjølv ta ansvar for slett journalistikk. Det ville vore, som han sjølv seier «både lovlig og en veldig ærlig sak». Saken skulle vore dementert så snart rektor ved skulen sa ifrå om at Aftenbladet hadde misforstått. Dei burde òg ha skjønt at denne saka var for sensasjonell til å vere sann. Slike julemirakel skjer ikkje.
For meg står Helle fram som sutrete og avkledd. Det gjer at Aftenbladet blir ei avis utan journalistisk integritet. Eg blir flau på deira vegner.