Litteraturvitar Knut Hoem har den siste veka satt i gang debatten som mange skulefolk har venta på. Den burde me kanskje hatt for 10 år sidan, då læreplanen var ny? Den handlar om innhald i læreplanane, og i læreverka. Ein av dei sentrale endringane i LK06, var at me lærarar skulle vere fri til å sjølv tilpasse innhaldet i undervisninga, slik at våre elevar kunne tileigne seg kompetanse i tråd med måla. Kva har skjedd? Har me ikkje takla fridomen? Ville me ikkje eigentleg ha han? Eller er det noko anna?
Etter innføringa av læreplanen har det blitt bygd opp kompetansesenter for lesing og skriving. Forsking er gjort, språk er skapt. Fleire tusen lærarar har fått etter- og vidareutdanning. Læringsstrategiar, førlesing, VØL-skjema og læringsmål er ord med innhald for dei fleste lærarar. Kanskje ein må vere lærar for å forstå lærarane sitt språk, slik ein må vere lege for å forstå legane sitt språk? Kanskje me lærarar endeleg har eit profesjonsspråk?
Eg stussar altså litt på kvifor lærarar tilsynelatande har ynskja Hoem sin kritikk velkomen. Profesjonelle lærarar tar profesjonelle val av innhald i sine fag, og dei let ikkje læreverk styre. Ein norsklærar eg kjenner seier han kunne klart å undervise Ibsen eit heilt år, og framleis halde seg innanfor kompetansemåla. Eg synast Hoem bommer litt. Han er jo litteraturvitar. Ikkje rart han ikkje kan skulespråk.
Når det er sagt; nei til lærebok, nei til unødige nyord i undervisninga og nei til alt for mange mål. Men det må vere mitt profesjonelle val.
(Og ja til ungar som les:)