Eg las akkurat denne sterke og vonde saka, om 12 år gamle «Stine» som blei spytta på av læraren. Eg kjenner det vrenger seg i magen. Eg blir så sint, og eg blir så lei meg, for eg kjenner det igjen.
I mine 13 år i skulen har eg sett så mykje som gjev meg vondt i magen. Så mange av dei som treng det mest, og likevel får minst. Årsakene er mange og komplekse, og eg trur det er viktig at me er opne om dei.
Ressursar
Nokre gonger har ein økonomien som skal til, men finn ikkje folk, og andre gonger er det motsett. Elevar med spesielle behov utløyser ikkje (som hovudregel) meir ressursar til skulen, så skuleleiarane må bruke dei folka og dei pengane dei har på ein så klok måte som mogleg. Ofte kjennes det heilt umogleg, og ofte blir midlertidige tilsettingar løysinga. Eleven taper.
Rett folk på rett plass
Det er ikkje kven som helst av vaksne som kan jobbe med kven som helst av elevar. Kjemien må stemme, og den vaksne må ønskje seg den typen arbeid som eleven krev. Det er stor forskjell på eit multihandikappa barn, og eit barn med åtferdsvanskar. Dei krev vidt forskjellig kompetanse. Skulane skulle hatt både vernepleiarar, barnevernspedagogar, spesialpedagogar, sosialpedagogar og helsearbeidarar. Minst. Dei som treng det mest, treng eit lag rundt seg, og dei treng stabile vaksne. Og der finnast vaksne som har eit sånt syn på barn at dei ikkje har noko i skulen å gjere. Men dei er der likevel.
Byråkrati, regelverk og fandens oldemor
Tilsette i kommunen som må flyttast på. Fagforeiningar som ikkje vil sleppe inn andre yrkesgrupper. Skikkethetsnemnda i utdanninga. Økonomiske rammer. Mykje kan svikte. Elevar som har rett på spesialundervisning får dei lærarane som har timar til overs når timeplanen leggast. Lærarar med spesialpedagogikk ønskjer å vere kontaktlærarar, og lærarar som ønskjer etterutdanning i spesialpedagogikk får ikkje, for alle 24-åringane tar opp plassane. Eg stangar hovudet i veggen.
Og me vil ikkje ha det ut. Ansvaret pressast opp og ned. Skuld blir fordelt og eleven som trong det aller mest, tapte.
Eg vil ikkje ha det sånn lenger, men neimen om eg veit kva me kan gjere…