Når skulen gjer noko

Tidleg i haust fekk min kollega ein e-post av nokre foreldre. Dei hadde lese rapporten etter Jøsendalutvalget, og meinte at yngste guten deira nok var eit barn med stort læringspotensiale. Kva kunne skulen gjere?

Guten lærte å lesa då han var 5 år gamal. I andre klasse høyrte han alle bøkene om Harry Potter på lydbok, og i tredje klasse las han dei sjølv. Då dei andre lærte bokstavlydar og skrivemåte i første klasse, såg han på det som ein finpuss av det han allereie kunne. No – i fjerde klasse, les han bokseriar av Rick Riordan. Kva kunne skulen gjere?

Eg var så heldig å få vere med då han underviste 6. klasse om norrøn mytologi. Med innleving og engasjement formidla han forteljingar frå sogene, og svarte på spørsmål frå imponerte 6.klassingar. Eg sat med tårer i augo og tenkte at her gjer skulen noko!

Min kollega fortel meg at dei avtalte på foreldremøte i september, at dei skulle ha ein plan klar til utviklingssamtalen i oktober. Den fekk fire punkt; Guten skulle få jobbe i djupa med oppgåver som er meir forskings- og problemløysingsbaserte, han skulle undervise i emne han har mykje kunnskap om i eigen klasse og på andre trinn, han skulle få følgje interessante opplegg på høgare trinn og han skulle jobbe med gamle rekneprøvar for 5.trinn. Hovudmålet var at han skulle haldast motivert, og framleis ha eit ønskje om å læra meir.

Eleven er sjølv svært nøgd med planen, og alt han no får halde på med. Han synast han får passe store utfordringar. I tillegg til å ha foredrag for 6. klasse om norrøn mytologi, har han lært sin eigen klasse om galaksen vår, og no nyleg har han undervist 5. klasse om gresk mytologi. Seinare i vår skal han vere med 9. klasse og lære om diktanalyse. Han gjorde ferdig rekneprøvane for 5. klasse i løpet av to dagar, og er nok klar for nye utfordringar i matematikk.

I dei aller fleste timane følgjer eleven klassen under fellesundervisning, men jobbar gjerne med eigne oppgåver når dei andre har individuell jobbing. I matematikk har han ein makker som og jobbar med eit høgare nivå, og oppgåva deira er å diskutere saman og finne ut av ting sjølv.

Når eg spør kva han er interessert i, svarar han fort: Fortida! Han likar å lesa om krigar og revolusjonar, og eg ser tydeleg at dette er ein gut som ønskjer å forstå verda rundt han. Eg er så glad for at min litle skule kan hjelpa han med det! Eg håpar og at me hjelper han til den framtida han ser for seg; Studiar og kanskje ein stilling der han kan få undervisa på Oxford. Eg har trua, så lengje skulen fortsett å gjere noko!

1 tanke på “Når skulen gjer noko

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s