Eg var denne veka heldig nok til å få høyre Ole Briseid på utdanningskonferansen i Stavanger. Tidlegare samme dag snakka statssekretær Birgitte Jordahl om nokre av dei samme emna. Ingen av dei definerte kva dei snakka om med å bruka omgrepet New Public Management, men det var tydeleg for alle som kjenner det.
New Public Management er namnet på ei reformbølge som frå 80-talet blei brukt til å effektivisera offentleg sektor. Det ber med seg prinsipper om at styring skal skje på lavare nivåer, konkurranse mellom aktørar i alle ledd og synleggjering av resultat. I skulen såg vi forenkla læreplanar med fokus på lesing og matematikk, målbare resultat og ei tanke om at skulen skulle tene økonomisk konkurransekraft. Elevar og føresette blei til brukarar, og rektor til virksomhetsleiar. Det blei eit auka fokus på individets rett, og på offentleg sektor som serviceytar.
I skule-Noreg merka vi ikkje mykje til denne bølga før tidleg på 2000-talet, da dei internasjonale resultata for skulen kom. PISA, PIRLS og TIMMS fortalde oss at det ikkje stod så bra til med skulen vår som vi hadde trudd. Vi – som brukte so mykje ressursar på skule, burde vere i verdsklasse. Noko måtte gjerast, og det litt brennkvikt. Vi satte i gang med ny reform – kunnskapsløftet, nasjonale prøvar og oppretta eit eget direktorat for utdanning under kunnskapsdepartementet.
Samstundes skjedde noko anna i skulefolkkretsar. Ein blei nysgjerrig på kva som lå bak tala frå undersøkingane, og ein ville ikkje kun sjå på kva som blei putta inn i skulen, og kva som kom ut i form av resultat. No starta ein klasseromsforskning. I Storbrittania utførde Paul Black og Dylan Wiliam studiet «Inside the Black Box – Raising Standards Through Classroom Assessment», og her hjemme var blant andre Kirsti Klette med på PISA + . Begge var kvalitative studier som tok for seg lærarars praksis i klasserommet. I fyrstnemde fann ein sterk evidens for at elevar som forstod kva dei skulle læra, og korleis dei skulle komma seg vidare, lærte meir. Her hjemme fann vi ei fokusering på aktivitet for aktivitetas skuld, og eit lavt læringstrykk. Klette fann at norske lærarar brukte «Fint» og «Flott» heilt uavhengig av kvalitet på både læring og åtferd. Noko måtte gjerast, og det litt brennkvikt.
Det var her det gjekk så frykteleg gale. Det nye Utdanningsdirektoratet starta si satsning på Vurdering for læring, samstundes med at politikarar skulle høste politiske poeng på forskninga. Vurdering for læring blei til to ting. Den eine ei start på ei nødvendig praksisendring blant norske lærarar, og den andre eit nytt målstyringsverktyg for resultatkåte politikarar. Endringa i vurderingsforskrifta som kom i 2009 skulle sikra den nødvendige praksisendringa for lærarar, men blei i mange kommunar brukt til å laga enorme vurderingssystem som tok mykje tid frå lærarane og på ingen måte fremma læring.
No vil Torbjørn Røe Isaksen endra forskrifta igjen. Han vil at karakterar frå undervegsvurderinga skal vera gjeldande til standpunktvurdering. Det er eit enormt feilsteg, og det slår beina under alt det gode arbeidet som er gjort med VFL dei siste åra. Bjørn Helge Græsli har skrive godt om den biten.
Når lektorlaget finn i ei undersøking at fleire rektorar pressar lærarar til å setje standpunkt på svakt grunnlag, så er det grunna kommunanes målstyring og ansvarleggjering! Når Osloskulen sørger for at andre fag legges vekk for å øva til nasjonale prøvar, så er det grunna kommunanes målstyring!
Kunnskapsministeren gjer som Lektorlaget ynskjer i fleire saker , også når det går heilt på tvers av det skuleforskning og åtferdsforskning seier er bra for barn og unges læring. Eg trur at dei som er misnøgde med det som har utvikla seg i skulen dei siste ti åra, er det fordi at dei ikkje vil eller er i stand til å endra praksis. Er det dei som skal styra skulen? Skal vi andre gå to skritt tilbake for at dei ikkje maktar å ta eit skritt fram?
Kunnskapsministeren behandlar symptoma til ein sjukdom han ikkje ynskjer å snakka om. «Diskusjon om New Public Management er en avsporing, mener Torbjørn Røe Isaksen.» Det er kunnskapslaust av ein kunnskapsminister.
Ole Briseid sa om norsk skule at «Skuta er i god stand, men på feil kurs.» Statssekretær Birgitte Jordahl forsøkte å pakka det heile inn i at forvaltning og ansvarleggjering var ein ond spiral og eit dilemma, for det var nødvendig. Til ein viss grad har ho nok rett, men eg lærte også denne veka (hugser ikkje kven som sa det) at utdanningssystemet i Noreg er laust bygd opp, og at det krev tillit mellom partane. Kan det vere ei løysing på dilemmaet? Skuleutvikling etter det vi veit at virkar, og tillit til at vi kan klare det? Alt det krev er ei forventning om at det ikkje skjer noko brennkvikt, men over lang, lang tid. Kanskje så lang tid at ikkje ei regjering kan ta æra. Kanskje lærarane som endrar skulen må få æra.
Tilbaketråkk: Fra målstyring til myndiggjorte medarbeidere | Skolevegen