Frå forbod til fornuft

Kva skjer når du opnar opp for mobiltelefon på ein skule som har hatt mobilforbod?

I fjor, ved skulestart, hadde me ei sak i elevrådet på min skule. Det var ein god prosess som me brukte tid på, både i klassane på ungdomstrinnet, blant lærarane på trinnet, og i elevrådet. På ein 1-10 skule er det godt å ha nokre «goder» for å markere overgangen til ungdomsskulen, og det å sleppe til for bruk av mobiltelefon i friminutta, blei alle einige om at kunne vere eit slikt gode.

Hos oss har alle elevane Ipad, så me blei òg einige om at mobiltelefonen skulle leggast i mobilhotell (ein kasse på kateteret) i timane. Det som er så greitt med reglar som alle er einige i, er at dei er lette både å følgje og å handheve. Erfaringa etter eitt år, er at dette går heilt fint. Rett før sommaren gjekk eg ein tur innom klasseromma i spisefri. Der fann eg nokre gutar som satt og såg på video på Ipaden. Dei såg ikkje på spelvideoar eller Failarmy, men på eit skuleprosjekt frå tidlegare elevar ved skulen. Ei anna gruppe av elevar satt og spelte ludo, og eg må innrømme at eg lurte litt på om dei eigentleg haldt på med noko dei ikkje hadde lov til, for eg kan ikkje fatte og begripe at nokon ville velgje ludo framføre mobilen dei hadde fint liggande ved sida av ludobrettet. Ei tredje gruppe elevar pusla på eit 3000-bitars puslespel med frustrerande mange like brikker. No veit eg jo at dette var ein augneblinks bilete som ikkje viser den heile og fulle sanninga, men likevel; ungdommen er ikkje så verst altså.

Eit nasjonalt forbod mot mobiltelefon, slik mellom anna Gudmund Hernes tar til orde for, ville ha øydelagt den gode dialogen me hadde på min skule, som ga oss reglar som me alle var einige i. Eg vil slite veldig med å kunne handheve eit absolutt forbod, og den lokale fridomen er berre ein av grunnane.

For det andre så ser eg ikkje kva som er det store problemet. Alle dei utfordringane som nemnast har me utan mobiltelefonen òg; distraksjonar og mobbing hadde me lenge før smarttelefonen, og me kjem nok dessverre til å ha dei lenge etter dei neste media kjem. Og så seier me kanskje at jo men det så mykje verre no, media er så sterke! Men det har me sagt før òg. Igjen og igjen har dei nye media skapt panikk.

For det tredje så bør me ikkje ty til forbod i hytt og vêr. Det bør vere det siste og sterkaste verkemiddelet, når det ikkje er mogleg å regulere på andre måtar. Dialogen med elevane og det å skape gode relasjonar, saman med tydeleg klasseleiing, er noko dei fleste lærarar lykkast med – utan totalforbud mot mobilbruk. Eg håpar dei folkevalde lyttar til desse, heller enn dei som vil ha nasjonale forbod for å lettare forsvare reglar dei slit med å handheve.

Eg trur (heldigvis) ikkje eigentleg at me kjem til å få noko forbod, men eg kjenner eg begynner å bli lei av debatten. Kan me ikkje snart berre få det neste, slik at mobilen kjem inn i varmen hos gubbelærarveldet?

(Her er nokre tips til kva de kan bruke mobilen til i mellomtida:https://skolevegen.com/2014/11/06/mobile-muligheter/)

2 thoughts on “Frå forbod til fornuft

  1. Ikkje så mykje rusk i nynorsken her, Camilla (-: Nokre småfeil berre, absolutt Onnai-verdig…
    Når det gjeld bodskapen, er eg stort sett ikkje einig. Me som vaksne bør vere med å styre ungdommen på rett veg, for dei treng faktisk styring. Dei les ikkje aviser, dei les ikkje bøker, så her meiner eg at vi MÅ styre dei inn på rett spor. Dei skal lære seg å bry seg om det som skjer rundt dei og dei skal lære seg å setje seg ned å ta det med ro og la fantasien arbeide. I juni var eg på Sørcup på Flekkerøy der me hadde mobilforbod for Jenter 12. Eg meinte det var for drastisk og argumenterte for minst ein time kvar dag og kveld. Eg vart nedstemt, og takk for det! For eit samhald med fekk! Og jentene var i 100 over kor kjekt det var utan mobilen. Eg tykkjer vi kan leggje ned forbod heilt utan problem, like sjølvsagt som at vi seier det er gale å stjele eller å baksnakke kvarandre.
    At eg er litt i tvil, er eine og aleine fordi du Camilla har vist deg å ha mykje rett i det du skriv, du er rett og slett føre tida på ein del felt.

    • Takk Birk! Det er heilt flott å ta digitale feriar, og eg har sjølv vore mykje mindre på mobilen i sommar, men eg trur altså at elevane må lære seg å bruke den nye teknologien til alle dei tinga du nemner, samt å regulere eigen bruk, når der faktisk er noko å regulere. Tenk om me hadde vore like skeptiske til skriftspråket? Det var og ein ny teknologi ein gong, og då frykta me for ungdommane si evne til å kunne huske…

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s