Sylvi og eg.

Eg og Sylvi er omtrent like gamle. Ho litt eldre enn meg. Begge vaks opp på vestlandet. Me såg nok på same barne-tv, høyrte på dei same sommarhitane – og kanskje var hennar sommardagar og som Inger Hagerups dikt «Lykke»? Me er begge lærarutdanna, me er begge mødrer, me er begge eldst av to sysken. Skulle tru me hadde ei relativt lik oppfatning av verda, livet og samfunnet.

Det har me altså ikkje.

For kva var det ho sa? I stolen hos Lindmo, siste kveld før ho skulle ha fødselspermisjon?

«Eg føler ikkje noke behov for å kalle meg feminist»

«Den største kampen for likestilling gjeld for dei innvandrarjentene som blir tvangsgifta, kjønnslemlesta og utsett for sosial kontroll, som ikkje he den friheten som alle oss andre he.»

«Eg trur jo at noke av det viktigaste valet du tek, hvis du ønskar å ha ei karriere, hvis du ønskar å gå i ei spesiell retning, er jo hvilken mann du velger å gifte deg med, for hvis du vil ha ei karriere, slik som meg, og barn, så er du heilt avhengig av ein mann som stiller opp, og eg har vore så utroleg heldig med det.»

I følge Sylvi, så er me i likskap med kvinner frå land der kvinner blir tvangsgifta, kjønnslemlesta og utsett for sosial kontroll, faktisk prisgitt kven me gifter oss med. Ho seier at i Noreg har me like moglegheiter, men ein må altså være like heldige som ho for å faktisk kunne bruke dei. Qu’ils mangent de la brioche.

Eg kjenner eit sterkt behov for å kalle meg feminist. Ikkje for at eg ikkje har hatt moglegheiter, ikkje for at eg sjølv stangar mot glastak, ikkje for at eg ikkje var heldig med mannen eg valte – men for at framleis alt for mange kvinner er ofre for desse omstenda. I Noreg og verda. Men solidaritet har kanskje heller aldri vore noko for ho?

I Sylvi si forståing av verda, der ein sjølv i Noreg er prisgitt kva mann ein vel, er der faktisk eit ennå større behov for feminisme, enn i den verkelege verda der eg lever. Her takkar me ikkje mannen for at han er snill og lar oss jobba heller enn å være heime med borna, men me takkar dei kvinnene som kjempa for den fridomen, og dei moglegheitene. (Akkurat det seier Grete Berget mykje betre enn meg)

Eg skulle ønskje at Sylvi takka dei ho burde, at ho nytta styrka, og roa si til å kjempe for at alle skulle ha dei same moglegheitene som ho og at ho i morgon kjem til å gratulere alle kvinner med dagen. Men det gjer ho nok ikkje. Eg skulle eigentleg ønskje ho var meir som meg.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s