Eg gjorde noko skikkeleg dumt ein gong da eg var liten. Meg og systera mi satt bak ein jordhaug da dei jamnaldra naboane våre kom ut. «Hiv stein på Kristina» sa eg. Systera mi lydde. Så sprang vi heim i full fart. Ho hadde truffe midt i pannen, og steinen var ikkje liten…
Ikkje lenge etter kom telefonen. Me kunne høyre at mamma var svært alvorleg, men ikkje noko om kva som blei sagt. Så kom ho inn til oss. «De må gå opp til Janne Helen og Kristina. De skal få kjeft.» Me visste at det kom, og vegen forbi dei to husa som skilde oss var alt for kort. Det var ungane som møtte oss i døra trur eg. Mora stod bak og smilte. Me fekk Kjeft (med colasmak) og boller. Eg kan ikkje eingong hugse om me snakka om såret i pannen til Kristina. Men eg hugser skamma mi. Eg kjenner ho ennå.
Mora til venninnene våre var ikkje ei kjerring i det heile tatt, ho var ung og tøff, men kanskje ikkje heilt slik som Jens Stoltenberg snakka om i si nyttårstale etter 22/7. Den type nabokjerringer blir no kalla «eliten» og «hylekoret». Det er både dei som svarar med samme låge mynt – og dei som følgjer Michelle Obama sitt råd om å «go high». Heilt opp til sin høge hest, der motstanden berre kan leggja seg ned og late seg trampa på. Trampa heilt ned i ei gjørmete offerrolle.
Mi oppfordring om å forsøke å vere snille nabokjerringer vil nok av den eine sida bli oppfatta som naiv, medan den andre sida vil sei at også eg er patroniserande (matroniserande?) og set meg sjølv høgare enn dei. Begge har sikkert litt rett i det.
Så kva er det den snille nabokjerringa gjer? Eg tenkjer at ho seier noko sånn som dette: «Eg er djupt ueinig med deg, og eg kjem mest sannsynlig ikkje til å endra standpunkt, men eg er genuint interessert i å høyre om kvifor du tenkjer som du gjer. Kan me diskutera det på ein sånn måte at me ender opp med å forstå kva den andre meiner, utan å ryke i tottane på kvarandre? Kanskje blir med klokare, kanskje ikkje – men me behandler kvarandre som likeverdige menneske»
Så kan ein bli einige om kven som tar med boller og saft. Kanskje det er det som skal til for å få tilbake litt bedre takt og tone i den offentlege debatten?