Det er mange der ute som vil ha noko å seie om innhaldet og strukturen i skulen. Då er det viktig at me som jobbar der har kart og kompass, og ei klar formeining om kva retning me ønskjer å gå. Her er litt hjelp på vegen.
Her er nokre politikarar som meiner ein heil del om skule. Les partiprogramma deira for å lære meir. I tillegg er det lurt å lese, og kanskje meine noko om desse tre dokumenta:
Stortingsmelding 28: Fag- fordypning – forståelse – En fornying av Kunnskapsløftet
Stortingsmelding 21: Lærelyst -Tidlig innsats og kvalitet i skolen
Høyringsutkastet til ny overordna del av læreplanen
Dei kjem til å ha mykje å seie for skulen dei neste åra.
Dette er ulike tilbydarar av program og kartleggingsverkty som ønskjer å hjelpe deg til å vere ein betre lærar – eller kanskje til og med gjere jobben for deg? Mange av dei kostar pengar – kanskje ikkje synleg, men i form av at du må ha kurs og sertifiseringar for å bruke dei i undervisning. Systematisk arbeid med både den faglege og sosiale læringa er viktig, men systematikk er gratis. Les sakleg kritikk, og ta informerte val:
http://www.mestrermestrerikke.no/
http://lodgelady.blogg.no/1421602760_nr_aksjeselskapene_ta.html
Eg skal innrømme at eg har tatt litt i her. Foreløpig har eg ikkje høyrt noko om at Norges jeger- og fiskerforbund verken vil sertifisere skular, eller ha logoen på heimesida, men eg tenkte at eg ville heilgardere meg.
Mange av desse interesseorganisasjonane vil ha noko å seie for kva me skal bruke tid på i skulen. Intensjonane er dei aller beste, men me har ikkje plass og tid til alt. Alle skuler skal, etter loven, vere både dysleksi-, autisme-, adhd-, allergi-, og generelt sett helsevenlege. Ein skal ikkje trenge verken flag, logoar eller stempel for det.
Men som profesjonell lærar veit du og at din kompetanse ikkje alltid kan spenne over alle dei utfordringane du treff i kvardagen, og då kan det vere lurt å vite at der ofte vil finnast ein interesseorganisasjon der folk med rett kompetanse står klar til å hjelpe.