To skular å lære av

Eg har nyleg besøkt to privatskular i Oslo: Nyskolen og Humanistskolen. Både før og under besøket gjorde eg meg nokre tankar om kva dei driv med, som me absolutt burde ta med inn i den offentlege skulen. Her er ei oversikt over kva dei gjer, som me burde gjere:

  1. Tenk nytt!

Grunnen til at desse skulane i det heile tatt eksisterer, er at visjonære menneske har ønskja seg ein alternativ skule. Ein ny og betre skule. Dei har starta frå botn, og definert skulen på nytt, utan «slik har me alltid gjort det» til hinder. Det gjer noko med elevsyn, læringssyn, ressursbruk, arealbruk og drift. Humanistskulen klarer – med 85% av ressursane til ein offentleg skule, både å lønne lærarane 5% over tariff, og å ta med alle – elevar og lærarar, ei veke til Spania, utan ei krone i foreldrebetaling. Det får dei til fordi dei ikkje bruker pengar på lærebøker, på IKT-drift/support, funksjonstillegg til lærarar – kort sagt fordi dei vågar å tenkje nytt.

  1. Elevdemokrati på ekte

Nyskolen driv heilt ekte elevdemokrati, der alle elevar og lærarar har ei røyst kvar, i  saksmøter kvar veke. Grunngjevinga er at elevane skal lære demokrati ved å være eit demokrati. Mellom anna har fleirtalet bestemt at heile skulen skal vere leksefri. I forkant av saksmøta, førebur elevrådet sakane det skal røystast over, og avgjer mindre sakar. Barnetrinnet har og eigne møter der dei tar opp sakar som gjeld dei.

  1. Verda inn i skulen, og skulen ut i verda

Kvar veke har Humanistskulen besøk frå eksterne førelesarar, eller dei besøker ein læringsarena utanfor skulen. Galleri, museum, teater og ein haug av ulike organisasjonar har bidratt til elevanes læring i faget dannelse – i tillegg til gjesteførelesarar som Trine Schei Grande, Harald Eia og Hannah Kohl. Dei tilsette ved skulen bruker sine kontaktnettverk, og dei nytter alle dei tilboda som me i den offentlege skulen som regel ikkje finn tid til (Kvifor det eigentlig?). Så lett kan det gjerast.

  1. Mat kvar dag

Elevane på Nyskulen har ei ordning der rullerande grupper kvar dag lagar mat for resten av skulen, og ei anna gruppe kvar dag står for oppvasken. Dei har 100 elevar og eit relativt lite kjøkken. Med ein fullt utstyrt mat- og helsesal, og ein dedikert vaksen, skulle ein fint fått til dette i offentleg skule og, i alle fall for delar av elevgruppa, på nokre av dagane. Elevane på Nyskolen har og ein fruktpause tidlegare på dagen.

  1. (Fleksi)Tid til kvar elev

Ein av dei viktigaste tinga dei ønskja å få til på Humanistskolen, var at kontaktlærarane (mentorane) skulle få god tid til samtalar med kvar elev. Måten dei løyser det, er med såkalla læringsverkstad. Det har elevane 140-210 minutt med kvar dag, og dette reknast som fleksitid, så lenge eleven får oppfylt timetalet sitt. I denne tida jobbar elevane med ulike oppgåver i ulike fag, noko som både gjer tid til samtalar, og rom for tilpassingar. Anna fagleg innhald, felles gjennomgangar osv, fordelast på 4 økter a 35 minutt dagleg.

  1. Tema- og prosjekt: Djupnelæring

Heureka er eit seksvekers prosjektarbeid som gjennomførast to gonger årleg på Nyskolen. Her legg lærarane føring for tema, men elevane står fritt til å sjølv fordjupe seg i noko innanfor emnet. Målet er at elevane skal lære seg god kjeldebruk og sjølvstendig disponering av tid, men og å trene på metode og bli motivert av sjølvvalte problemstillingar. Seksvekersperioden startar med ei inspirasjonsveke fylt med opplevingar.

  1. Innsats som tel

På Humanistskolen måler dei innsats. Dette er for å ikkje gje dei sterkaste kvileputer, og for å påskjøna dei svakare som gjer ein god innsats. Vanlege karakterar har ikkje denne effekten.

  1. Aldersblanda grupper

Nyskolen har faste aldersblanda grupper der 1-3, og 4-6 går i lag. Ungdomstrinnet har og ein del timar saman, og sjuande er ein del for seg sjølv, men og saman med barnetrinnet og ungdomstrinnet. Klassane er på 10-14 elevar. I tillegg har dei nokre timar i veka med søskengrupper, der alle aldra er blanda og driv med valfag. Det er mange grunnar til at aldersblanding er positivt for elevanes læring, og eg tenkjer at å dele etter kva årstal ein er fødd, er kanskje meir kunstig enn noko anna?

I prinsipp er eg motstandar av private skular. Eg vil mykje heller ha ein god offentleg skule der ein i mindre grad er underlagt kommunal og statleg styring. Sjølv om alt eg har nemnt her er fullt mogleg å få til, så har me nokon ting det ikkje lar seg gjere å hoppe bukk over. Kommunale krumspring som alle må vere med på, møter som tar tid, brannmurar som tar Internet, byråkrati som tar livsgnisten, og pålagde program og satsingar som tar både tid og pengar. Eg skulle gjerne hatt fridomen deira, men førebels tar eg med meg det eg har sett som inspirasjon, og håpar at min offentlege skule og kan bli ein ny og betre skule.

1 tanke på “To skular å lære av

  1. Tilbaketråkk: Fagfornyinga på forskudd | Skulevegen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s